News on your favorite shows, specials & more!

Det Norske Teatrets ukjende NS-teatersjef

By: Feb. 27, 2018
Enter Your Email to Unlock This Article

Plus, get the best of BroadwayWorld delivered to your inbox, and unlimited access to our editorial content across the globe.




Existing user? Just click login.

Det Norske Teatrets ukjende NS-teatersjef  Image

Kven var Cally Monrad, kvinna som tok jobben som teatersjef ved Det Norske Teatret under krigen? I sin dramatikardebut diktar Ruth Lillegraven seg inn i tankane hennar. Historia om Cally Monrad svinger seg frå dei store høgder som superkjendis, til eit historisk fall der skammen kasta skuggar over den siste delen av livet. I dag er ho nesten gløymt.

CALLY
AV RUTH LILLEGRAVEN
URPREMIERE 8. MARS
SCENE 3

Cally Monrad (spelt av Ingeborg Sundrehagen Raustøl) starta karrieren som romansesongarinne og blei feira for sitt kunstnarlege virke. Ho var ein av det tidlege 1900-talets store kulturpersonlegdomar i Noreg, med statens kunstnarløn frå 1939. Ho levde eit hektisk liv med engasjement ved store scenehus som Nationaltheatret og operaen i Berlin, ho underheldt for prinsar og kongar, blei møtt med fakkeltog og dyrka som notidas kjendisar. Ho gav også ut diktbøker og Noregs første okkulte roman. Det turbulente livet resulterte i fire havarerte ekteskap, og tre barn som ho ikkje såg særleg mykje til.

Teatersjef for Nasjonal Samling

Mot slutten av karrieren skapte ho si siste rolle; rolla som teatersjef innsett av Quislings NS-regime. 6. november 1942 blei Cally Monrad utnemnd til ny sjef for teateret. I ein notis i Fritt Folk blei ho presentert som songarinne og forfattarinne, nokon nærare introduksjon av den landskjende kvinna var knapt naudsynt. Den nazistiske avisa passa på å understreke at "hennar friske livssyn er i pakt med nytidi". På dette tidspunktet var det kjent at teatersjefen ved Trøndelag Teater var blitt avretta av det same regimet, og at teatersjefkollegaer og kunstnarar hadde flykta landet av frykt for å møte same lagnad. Medan publikum boikotta Det Norske Teatret og andre teater under krigen, påstod Monrad at ho tok jobben fordi ho ønskte å redde teatret frå "den skjebne som jeg var blitt bekjent med i form av tyskernes planer om ikke alene å stenge teatret, men overhodet å utslette det som kulturfaktor - i det man samtidig ville forby nynorsk - med mindre teatret godtok en N. S. sjef." (Cally Monrad til Statsadvokaten under landssvikoppgjøret, 23.08.46.) Portrettet hennar heng ikkje på veggen på Det Norske Teatret i dag.


Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) er forfattar, og i 2013 fekk ho både Brageprisen og bokbloggarprisen for diktsamlinga Urd. Ho hadde, som dei fleste andre, aldri før høyrt om NS-teatersjefen Monrad, da ho for nokre år sidan mottok oppdraget om å skrive eit teaterstykke om henne. Ho blei raskt fascinert av den viljesterke kvinna med så grenselause ambisjonar på eigne vegar. Kvifor tok ho teatersjefjobben? Kva for tankar gjorde ho seg om livet ho levde? Med inspirasjon i Monrads liv, diktar Lillegraven seg inn i hovudet til den mangslungne og eksentriske songarinna som endte sitt liv i vanry.

Les meir om framsyninga Cally på Det Norske Teatrets nettsider.

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.



Comments

To post a comment, you must register and login.






Videos