News on your favorite shows, specials & more!

Bjarte Tjøstheim debuterer med personleg soloframsyning

By: Sep. 17, 2018
Get Access To Every Broadway Story

Unlock access to every one of the hundreds of articles published daily on BroadwayWorld by logging in with one click.




Existing user? Just click login.

Bjarte Tjøstheim debuterer med personleg soloframsyning  Image

Alle opplever kjipe ting i livet, men Bjarte Tjøstheim går konstant rundt og fryktar at nettopp det som ikkje bør skje - skal skje. Og den som går med frykta, får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som for eksempel da han fekk konstatert lungekreft - og hadde det i 24 timar - før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein inst inne er engsteleg av natur? I Bjarte Tjøstheims liv er sjølv dei mest kvardagslege tinga - som å gå i butikken - vanskelege. Han gruer seg kvar gong han skal gå ut av huset, og kjem garantert til å grue seg til kvar einaste framsyning.

TEATERDEBUT

Radioprogramleiaren, komikaren og skodespelaren Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med frykt for det aller meste. Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

HUMOR-TEAM BAK

Bjarte Tjøstheim er kjend for dei fleste gjennom P3-programmet Radioresepsjonen, der han i ei årrekke har vore i trekløver med brørne Sagen. Den yngre generasjonen kjenner han som faren i julekalenderen Julekongen. Han har også vore med i ein heil del andre radio- og TV-program, mellom andre Underholdningsavdelingen og TV-serien Presten på NRK. I 2014 vann han publikumsprisen som Årets morsomste under Komiprisen. Med Det går betre no debuterer han både på teaterscenen og som dramatikar. Bak han står ein annan moromann: Thomas Giertsen har lang erfaring både som skodespelar og standupkomikar på skjerm og scene, i tillegg til at han har regissert ei rad med sceneframsyningar og TV-program. Men det er første gong han er på Det Norske Teatret.

Les meir om Det går betre no på Det Norske Teatrets nettsider.



Comments

To post a comment, you must register and login.






Videos